Chat with us, powered by LiveChat

Velkommen til Beitostølen Resort!

book nå

Konsert: «Tostemt», Marit Karlberg og Øyonn Groven Myhren

Med rytme, varme og humor byr Øyonn Groven Myhren og Marit Karlberg på ein variert konsert med tostemt slåttetralling, lyarlåttar og danseviser til lyre og langeleik.

Dei to er blant våre fremste kvedarar, kjende frå kvartetten Dvergmål og eigne prosjekt som “Nivelkinn” og Sudan Dudan.

No møtest dei igjen for å tolke slåttar frå Telemark og Valdres i vokalt duoformat.

Velkomne til Bygdin Høifieldshotel!

Medverkande:
Øyonn Groven Myhren – vokal og lyre
Marit Karlberg – vokal og langeleik

Foto: Knut Utler