Jentehelg med stølspreg

3. - 5. september: Er ei helg for deg som er glad i fjell og som er interessert i å lære meir om budeia og stølsliv. Kom åleine, eller saman med venner.

PROGRAM:

Fredag 3. september:

Innsjekking på Bergo Hotell.

1900             Velkomen, om programmet for helga

                     Budeiene, naturens døtre ved Inger Marie Vingdal

2000             Middag  

 

Laurdag 4. september

0730 - 0900  Frukost med matpakke

0900             Vi går til Liastølen (200 m frå Bergo), med stølshus frå 1700 talet

0910             Stølsliv i gamle dagar ved Solveig Sandberg

1030             2 ulike guida turar

 

1)    Guida topptur til Mugnatind 1740 moh. Utsikt til Jotunheimen, Valdresflya, utover Valdres og vestover mot Sognefjella. Turen tek 4-5 timar frå P-plassen.

2)    Guida tur i området ved Gipa og Raudhorn 1143 moh. Turen tek ca 3  timar frå P-plassen

 

Ettermiddagen brukar du som du vil. Beitostølen har eit rikt utval av butikkar og serveringsstader.

 

1900          Aperitiff med musikkinnslag

1930          Middag


Sundag 5. september

0730 – 1000    Frukost

1000                Vi kjører til Olestølen, til budeia Kathrin H. Aslaksby

1030 - 1230     Kathrin fortel om stølslivet og tek oss med på ei omvising på denne autentiske stølen med ysting, geiter, hestar, griser, ender og kattar. Vi får lunsj med heimelaga økologisk mat.

1230 - 1530     3 turalternativ:

 

Tur 1: Guida tur med kløvhest. Vandring med kløvhest i vakkert fjell landskap på 1000 m.o.h.  – ei fantastisk turoppleving med nærkontakt med hestane. Å gå med hest i fjellet gir unik nærleik til dyr og natur.

 

Tur 2: Guida tur til Svoloberget 1233 moh. Vi går i det flotte stølsområdet, opp gjennom beiteområdet og til Svoloberget. Utsikt mot Vinstre, Valdresflya og Jotunheimen

 

Tur 3: Rusletur i stølsområdet

 

1530                Avslutning. Heimreise frå ca kl 1600

 

Pris:

Du bur på Bergo hotell og betalar for opphaldet der. For overnatting fredag til sundag i dobbeltrom med frukost og middag + matpakke laurdag er prisen kr. 2330,-. Enkeltrom kr 2880,-. Bergo hotell er midt i sentrum av Beitostølen.

Opplegget kostar kr 1850,- og det betalar du når du melder deg på. Det er totalt 20 plassar.

 

Transport

Du kjem til Beitostølen med bil eller med buss.

Buss: Valdresekspressen frå Oslo. Øst-VestXpressen mellom Bergen – Sogn- Fagernes- Lillehammer.

 

Påmelding:

På e-post til ivingdal@budeiene.no  eller  ingeving@oslomet.no ,

eller på telefon 91747343

Koronainfo: Helga blir arrangert i tråd med gjeldande retningsliner.

 

Desse bidreg:

Kathrin H. Aslaksby er budeie på Olestølen, geitebonde, naturrettleiar og ystar.

Solveig Sandberg driftar Liastølen, er gardbrukar og kulturformidlar.

Inger Marie Vingdal bur på Beitostølen, underviser i kroppsøving, forskar på stølsliv og er arrangør av seminaret gjennom firmaet Budeiene AS.

Turguidane er erfarne fjelldamer.