Jentehelg med stølspreg på Beitostølen

For vaksne jenter i alle aldre som er glad i fjell og støl. Fredag 6. – sundag 8. september 2019.

Tur til Mugnetind står på programmet (Foto: Aud Eva Bergo)

Denne helga er du invitert til Beitostølen og stølsområda omkring. Helga er frå gamalt bufarhelga, då budeia flytte heim frå stølen med kyrne. Det er færre budeier i dag,  men dette er eit av dei områda i Norden der stølslivet står sterkast.

Vi har laga eit program med ulike guida turar og aktivitetar, stølsbesøk, foredrag og kulturelle innslag, som vi trur er interessant for deg som er glad i fjell, og som har lyst til å lære meir om budeia og støl.

Du er hjarteleg velkommen åleine, eller saman med venner.

 

Fredag 6. september:

Innsjekking på Bergo Hotel.

1830 -1900     Velkomen, om programmet for helga

1900 - 1930    Budeiene, naturens døtre ved Inger Marie Vingdal

2000 -             Middag med den du vil og der du vil. Vi kan hjelpe til med bordbestilling, og du er velkomen til restauranten Bare Kos på hotellet der vi arrangørane er.

 

 

Laurdag 7. september

0730 - 900      Frukost med matpakke

0900               Vi går til Liastølen (200 m frå Bergo), med stølshus frå 1700 talet

0910 - 1000    Stølsliv i gamle dagar ved Solveig Sandberg

1030 -             3 ulike turar å velje mellom:

 

 Avreise til Mugnestølen og tur til Mugnetindområdet for tur 1 og 2 (Foto: Aud Eva Bergo)


1. Guida topptur til Mugnetind 1740 moh
    Utsikt til Jotunheimen, Valdresflya, utover Valdres og vestover mot Sognefjella. Turen tek 4-5 timar.

2. Guida tur i Mugnetindområdet
    Vi brukar tid langs elva Mugna og går opp til Mugnabøtt-tjerna.
Turen tek ca 4 timar.

3. Gåtur i nærområdet på Beitostølen
    Til stølar og Lyskapellet med meir. Turen tek ca 3 timar.

 

På ettermiddagen brukar du tida slik du vil. Beitostølen har mykje å velje i som sportsbutikkar, interiør, damekler og ulike serveringsstadar. Du har også fri tilgang til svømmehall og treningssenter på Radison Blue hotell.

 

 

1900    Aperitiff

1930    Middag på Bergo med kulturelt innslag.

           (Har du ikkje hotellpakke kostar denne kr 495,- for 3 rettar utan drikke)

 

 

Kathrin Aslaksby med egne produkter for salg - her foran Liastølen (Foto: Morten Jørgensen)

 

Sundag 8. september

 

0730 – 1000    Frukost

1015               Vi kjører til Olestølen, til budeia Kathrin H. Aslaksby.

1040 - 1200    Budeia fortel om stølslivet og tek oss med på ei omvising på denne autentisk støl med geiter, hestar, griser,
ender - og kattar. I det gamle selet får vi lunsj med heimelaga økologisk mat.

1200-1500      Ulike turar frå Olestølen. Du kan velje mellom:

 

A)  På tur med hest i fjellet

Vandring med kløvhest i vakkert fjell landskap på 1000 m.o.h.  – ei fantastisk turoppleving med nærkontakt med hestane. Å gå med hest i fjellet gir unik nærleik til dyr og natur.

Olestølen med Olevatnet i bakgrunn. Foto: Kathrin H. Aslaksby


 

B)  Fjelltur til Svoloberget 1233 moh og omegn.

Svoloberget mot Vinstre, Valdresflya og Jotunheimen. Foto Kathrin H. Aslaksby

 

C) Padle kano eller ro på Olevatnet

 

Heimreise frå ca kl 1530

Skulle veret tilseie det, blir det alternativ for nokon av turane.

 

Desse bidreg:

Kathrin H. Aslaksby er budeie på Olestølen, geitebonde, naturrettleiar og ystar.

Solveig Sandberg driftar Liastølen, er gardbrukar og kulturformidlar.

Inger Marie Vingdal er førstelektor i kroppsøving, forskar på stølsliv og arrangør av seminaret gjennom firmaet Budeiene AS.

Kulturelt innslag og turguiding ved jenter frå Valdres.

 

 

Pris:

Overnatting fredag til sundag i dobbeltrom med frokost. Matpakke laurdag. Treretters middag laurdag. For dette betalar du 2070,- kr til Bergo Hotel i løpet av helga.

Bergo er midt i sentrum av Beitostølen. Tillegg for enkeltrom kr 500,-.

Når du melder deg på, betalar du for opplegget i helga. Den er kr 1320 før 15. april, og kr 1520 etter 15. april. Det er begrensa plassar.

Totalt: Før 15.04.19 kr 3390,-, etter 15.04.19 kr 3590,-.

 

Transport

Du kjem til Beitostølen med bil eller med buss.

Buss: Valdresekspressen frå Oslo. Øst-VestXpressen mellom Bergen – Sogn- Fagernes- Lillehammer.

 

Påmelding:

Send e-post til ingeving@oslomet.no for meir informasjon eller sms til mobil tlf. 91747343.