Jentehelg med stølspreg

Fredag 4. – sundag 6. september 2020 på Beitostølen. Vi har laga eit program for deg som er glad i fjell, og som er interessert i å lære meir om budeia og stølsliv. Du er hjarteleg velkommen åleine, eller saman med venner.
Møte med geitene på Olestølen (Foto: Inger Marie Vingdal)

Vi ynskjer deg velkomen til Beitostølen og stølsområda omkring. Frå gamalt er dette bufarhelga, helga då budeia flytte heim frå stølen med kyrne. Det er færre budeier i dag,  men framleis er Øystre Slidre og Valdres eit av dei områda i Norden der stølslivet står sterkast.

 

PROGRAMMET:

Fredag 4. september: 
Innsjekking på Bergo Hotel
 
kl 19.00
Velkomen, om programmet for helga
 Budeiene, naturens døtre ved Inger Marie Vingdal
kl 20.00
Middag med den du vil, der du vil. Vi kan bestille bord.
  
  
Laurdag 5. september  
kl 07.30-09.00
Frukost med matpakke
kl 09.00
Vi går til Liastølen (200 m frå Bergo), med stølshus frå 1700 talet
kl 09.10
Stølsliv i gamle dagar ved Solveig Sandberg
kl 10.30
3 ulike guida turar

 

Elva Mugna. Mugnatind oppe til høgre.              Foto: Inger Marie Vingdal                                          

 

Avreise til Mugnastølen for tur 1 og 2.

 1)Guida topptur til Mugnatind 1740 moh. Utsikt til Jotunheimen, Valdresflya, utover Valdres og vestover mot Sognefjella. Turen tek 4-5 timar frå P-plassen.
 2)Guida tur i Mugnatindområdet. Vi oppover mot Mugnatinden og legg turen innom dyregraver og ser på plantelivet      Turen tek ca 4  timar frå P-plassen
 3)Guida gåtur i nærområdet på Beitostølen, til stølar og Lyskapellet med meir. Turen tek ca 3 timar
  Ettermiddagen brukar du som du vil. Du har fri tilgang til svømmehall og treningssenter på Radison Blue hotell. Det er også eit rikt utval av butikkar og serveringsstader.
kl 19.00
 Aperitiff med musikkinnslag
kl 19.30
 3-retters middag

 

Sundag 6. september 
kl 07.30-10.00
Frukost
kl 10.00
Vi kjører til Olestølen, til budeia Kathrin H. Aslaksby
kl 10.30-12.30
Budeia fortel om stølslivet og tek oss med på ei omvising på denne autentisk støl med ysting, geiter, hestar, griser, ender og kattar. I det gamle selet får vi lunsj med heimelaga økologisk mat.

 

På tur med kløvhest. Utsikt mot Jotunheimen.   Foto: Inger Marie Vingdal

 

Kl 12.30 -15.30: 3 turalternativ:

 1)Guida tur med kløvhest Vandring med kløvhest i vakkert fjell landskap på 1000 m.o.h.  – ei fantastisk turoppleving med nærkontakt med hestane. Å gå med hest i fjellet gir unik nærleik til dyr og natur.
 2)Guida tur til Svoloberget 1233 moh. Vi går i det flotte stølsområdet, opp gjennom beiteområdet og opp til Svoloberget. Utsikt mot Vinsteren, Valdresflya og Jotunheimen
 3)Rusletur i stølsområdet
kl 15.30
 Avslutning
ca kl 16.00 Heimreise

Skulle veret tilseie det, blir det alternativ for nokon av turane.

 


Desse bidreg:

Kathrin H. Aslaksby er budeie på Olestølen, geitebonde, naturrettleiar og ystar.

Solveig Sandberg driftar Liastølen, er gardbrukar og kulturformidlar.

Inger Marie Vingdal bur på Beitostølen, underviser i kroppsøving, forskar på stølsliv og er arrangør av seminaret gjennom firmaet Budeiene AS.

Kulturelt innslag og turguiding ved jenter frå Valdres.

 

Pris:

For opplegget og dobbeltrom på hotell betalar du kr 4150,- (melder du deg på før 5. april er prisen kr 3950,-). Overnatting fredag til sundag i dobbeltrom med frokost og matpakke laurdag.

3-retters middag laurdag. Bergo hotel er midt i sentrum av Beitostølen. Tillegg for enkeltrom kr 500,-.

Når du melder deg på, betalar du depositum på kr 1500. Det er begrensa plassar. Resten betalar du 04.08.20. Ved avbestilling før 4. august beheld vi 500 kr av depositumet.

 

Transport:

Du kjem til Beitostølen med bil eller med buss.

Buss: Valdresekspressen frå Oslo. Øst-VestXpressen mellom Bergen – Sogn- Fagernes- Lillehammer.

 

Påmelding:

På e-post til ivingdal@budeiene.no  eller  ingeving@oslomet.no ,

eller på telefon 91747343


BUDEIENE AS

TURAR – KURS – OPPLEVINGAR

 

Inger Marie Vingdal

Fivilvegen 3, 2953 Beitostølen

Telefon 91747343