17. mai Øystre Slidre kommune

Det vert heller ikkje i år vanleg 17.mai-feiring i Øystre Slidre.

Som i fjor vert det i staden arrangert kortesje med veteranvogner i nord- og sørgåande retning frå Heggenes.

Program

Kl. 09.00 Kransenedlegging ved Bautaen på Tingvang. Obs, utan publikum.

kl. 09.30 Gudsteneste i Volbu kyrkje. Sjå videosending frå gudstenesta på Kyrkja i Øystre Slidre sine facebooksider.

Kl. 10.00 Videosending med helsing frå ordføraren, tale frå ungdomsrådet og reportasje frå 17.mai-markeringane i skular og barnehagar. Sjå film på kommunen si heimeside og på facebook.

Kl. 11.00 Køyretog med gamle mopedar, traktorar, veteranbilar, russebilar og brannbilar. Folk vert oppmoda om å stå langs rutene med flagg, song og instrument. Følg toga i livesending på kommunen si heimeside og på facebook. Påmelding til toget finn du på www.oystre-slidre. kommune.no

Nord Coop Heggenes – Robølsvegen – Sælshagadn – Bygdinvegen – Beitovegen – Beitestølvegen – Beitostølen – Beitostølen Helsesportsenter

Sør Coop Heggenes – Tingvang – Øvrebygdvegen – Bygdinvegen – Bergavegen – Køllstadvegen – Gamlevegen – Bygdinvegen – Sebu

17. mai komiteen ynskjer alle til lukke med dagen!