Liastølen - eit lite stølsmuseum

Stølsmuséet Liastølen ligger i sentrum av Beitostølen vis a vis bensinstasjonen og Turistinformasjonen.

Tidlegare var det mange slike stølar på Beitostølen, i dag ligg Liastølen tilbake som eit lite stølsmuseum og byr på opplevingar i eit unikt miljø.

Når du stig inn i det gamle sælet, kjem du til ei anna verd. Veggene som dannar det intime rommet består av 200 år gamle furustokkar som har hatt gode vilkår for vekst på Beitostølen.

Mellom det vesle fjøset og den gamle løa ligg hagen med om lag 100 ulike planter. Den opprinnelege floraen i dette stølsområdet var rik og fekk tilskot av nye artar ved at folk hadde med seg planter og planta dei rundt stølane. Dessutan bidro fuglar og husdyr med speiing av frø. På Liastølen har vi behalde dei plantene som opprinneleg var her, i tillegg har vi planta inn ein del ville og dyrka planter. Sjølv 900 m.o.h. blomstrar t.d. både klematis og peon.

Kvar laurdag og sundag i summarmånadene vert det fokus på ulike sider av den lokale kulturen. Folk frå bygdene våre vil formidle tema som: Byggeskikk i Valdres, Stadnamn på Beitostølen, Den gamle Valdresbunaden, Folkemusikk og fleire ulike Handverkstradisjonar.

Sommerprogram Liastølen 2017 (klikk minityr under for stor versjon av programmet):

Har du spørsmål om Liastølen generelt eller sommarprogrammet,

kontakt Solveig Sandberg på epost:sosandb@online.no